Solveigs salt

Giftig undervising

Å klamra seg til data i skulen er som å tvihalda på daude språk.

Dei elendige Pisa-resultata har gjort ein hundre og førtito år gamal roman, «Gift» av Alexander Kielland, pinleg aktuell. For i den gamle skulen hadde latin og gresk så høg prestisje at ingen våga endra på det, sjølv om nytteverdien var under null. I vår tid er det den overspente teknologioptimismen frå førre tusenår som er komen for å bli, trass i at han syg energien ut or elevane, og spyr dei ut igjen som «små fortørkete hoder» som ikkje greier finna fram i den verda dei lever i.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Vendepunkt

Ingen frå barndomsheimen min levde til dei var syttiåtte, og i sommar fylte eg syttisju. Det gjer dette året ganske spennande. Ikkje berre rykker døden stadig nærare: Dersom eg er i live til neste fødselsdag, vil eg ta det som ei symbolsk stadfesting av at same kor sterkt dei insisterte på fellesskap i lagnad og liding, var eg aldri ein av dei, i alle fall ikkje etter 1970, då familien eksploderte og eg flytte på hybel for første gong. På den tida kunne mor og far òg fått ein ny start. Begge to var framleis i førtiåra, og hadde dei fått støtte og rettleiing frå erfarne folk, skulle dei nok greidd å ordna seg med hus og arbeid kvar med seg. Som det no var, berre dumpa dei seg på storesøster mi og mannen hennar, som hadde nok å stri med frå før, og overlét det til dei å skapa ei ny ramme for tilværet, eller rettare sagt, å reparera den gamle så pass at det kunne sjå ut som eit verdig liv. Det vil seia at mor flytte saman med mormor, formelt for å hjelpa henne i alderdomen, i realiteten for å halda fram med den same krangelen som ho hadde hatt med far, mens far kom på legd hos søster mi. Dei skjøna nok at eg var på veg ut or maktsfæren deira, og det var sikkert ikkje utan sjølvforsaking at dei gav meg eit tilbod som eg ikkje kunne seia nei til: Eg og den nye kjærasten min skulle få bu saman i det huset som stod tomt etter farmor og farfar.

Små søsken

Den kvithåra mannen såg stø og trygg ut der han sat og fortalde om kor hyggjeleg det var å henta barnebarna i barnehagen. Så med eitt brast han i gråt fordi det eine, ein stor og tung gut med Downs syndrom, støtt gjekk til åtak på veslesøstera. Verken foreldre eller besteforeldre visste noka råd med det, for dei hadde jo alltid høyrt at barn med Downs var så snille. Det anstrengte dei seg av all si makt for å tru framleis, og bestefaren tørka skamfull bort tårene og snufsa at det var vel i grunnen hans eiga skuld. «Vi har en liten søster, vi har en liten bror, som er litt annerledes enn andre barn på jord», står det i eit dikt av den fine lyrikaren Inger Hagerup som den herlege skodespelaren Wenche Foss ofte sa fram, med ein varme som kunne smelta stein. Ho hadde sjølv vore mor til ein av dei som kjem til verda med mindre handbagasje enn folk flest, og visste kva ho snakka om når ho bad oss alle gje dei glede til siste båt skal gå. Men det kunne nok òg få oss til å tru at berre me vinn over våre eigne fordomar, er det medvind heile vegen fram. Halldis Moren Vesaas har òg skrive klokt og kjærleg om einsamflygarar og andre avvikarar.

Klassisk danning

Gamle bøker kan gje kraft og kveik sjølv om dei står på pensum i ein skule som ein er nøydd til å tvinga seg gjennom. Den antikke litteraturen som latinskuleelevane må lesa i romanen «Gift» av Alexander Kielland, er ille medfaren av dårlege lærarar, og kan endå brukast til fri improvisasjon i friminuttet, der gutane frå dei lågaste klassane, «stinkdyrene», skal ha tyn for at dei har mobba lille Marius. No sit han og kneisar på akslene til store sterke Abraham i spissen for ein hær som skal hemna seg på fienden med knallharde slyngekast med krittbitar frå tavla. Uheldigvis hamnar rektor i skotlinja og blir råka midt i magen. Sidan dette er noko som skjer i den verkeleg strenge gamle skulen, kunne det sett stygt ut om ikkje Marius på sitt rørande og hjartevinnande vis hadde tilstått at han leika at han var «den vrede Achilles». Rektor svarer at «ja du ser meg ut til det; det er just således jeg bestandig har forestilt meg ham», og må gå bort til vindauget for at dei ikkje skal sjå at han ler. Likevel ser han ikkje kor fint det viltre rollespelet kunne vore integrert i undervisinga, og oppfattar det berre som eit brot på disiplinen, sjølv om han med si klassiske utdanning burde ha kjent att heltane frå Iliaden i dei krigerske elevane sine, berre at det er Abraham som er Akilles, mens Marius er bestevenen Patroklos. Den skulen som rektor herskar over, er basert på blind lydnad og pugging av grammatiske ramser, som Marius meistrar svært godt når han kjenner seg trygg, men går seg vonlaust vill i når han er usikker. Så får han adjunkt Aalbom til latinlærar, og Aalbom kjeftar og rettar på han til han fell i uvit mellom pultane.