Solveigs salt

Olav Audunssøn

Den andre mellomalderromanen er endå betre enn den første.

Det er hundre år sidan Sigrid Undset gav ut «Olav Audunssøn», og halvparten så lenge sidan eg gjorde ferdig hovudfagsoppgåva mi om dette verket. Derfor synest eg at det er stor stas at det kjem ei ny dansk omsetting, endå Sigrid Undset var halvt dansk sjølv og skreiv på eit så konservativt riksmål at det burde kunna gå for det same.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Jesus i Betania

Den tid Jesus frå Nasaret vandra omkring med dei tolv læresveinane sine, var han avhengig av velståande sympatisørar med store nok hus til å by heile denne brokete banden på mat og overnatting. Ein av dei var farisearen Simon i vesle byen Betania, der Jesus var innom siste gong like før påske. Det høyrer med til god gamaldags kristendomsopplæring at han kalla farisearane for hyklarar og kalka graver, mens dei på si side prøvde å setja han fast som vranglærar og falsk profet. Når Simon likevel opna døra for han, må dei ha hatt stor sans for einannan trass i alt. Kan henda er det på grunn av altfor fisefine kyrkjeritual at me ikkje lenger forstår den røffe tonen dei hadde seg imellom. I alle fall var det heime hos denne farisearen at ei kvinne kom inn med ei alabastkrukke med kostesam nardussalve som ho utan å spørja nokon om lov tømte rett i hovudet på Jesus. Læresveinane tykte det var meiningslaust sløseri og ville heller at salven skulle vore seld og pengane gjevne til dei fattige.

Korset og nåden

Ein søndag tidleg på våren hamna eg tilfeldigvis i soknekyrkja her i traktene. Betongveggene var utan vindauge, akkurat som før, og dei tunge lysekronene trekte straum midt på blanke føremiddagen. Ja, eitt og anna omskifte var der jo, preikestolen var borte, salmetekstane kom fram på store dataskjermar, og medlemane frå den spesielt inviterte ungdomsforeininga strente frimodig att og fram. Ei av jentene hadde ein genser med eit stort kors bak på ryggen. Når ein ser denne kyrkja på avstand, liknar ho på ein bratt hoppbakke, og då ho var ny, såg eg fram til å koma inn under det himmelske lyset som eg trudde skulle skina ned frå det høge tårnet. Men det er som om glaset aldri skulle vore oppfunne, og i staden for dagslys fell det ein stygg skugge frå den skarpe vinkelen mellom det oppoverskrånande taket og altertavla, der Jesus og røvarane heng på kvar sitt kors som tre inntørka dauingar. Dersom meininga var å venja kyrkjelyden av med å tru på oppstoda og det evige livet, kunne det ikkje vore gjort betre. Greitt nok for meg.

Mannepropp

Dronene flyg over snødekt skog og sender ei eggjande blanding av kappløp og saktefjernsyn rett inn i flatskjermen. Tusenvis av vaksne karar kavar framleis i startområdet og kan ikkje rekna med å koma i mål før i kveldinga, mens dei raskaste, trass i nysnø og tungt føre, allereie har lagt den første mila bak seg. Inn og ut og imellom dei smett Emilie Fleten i svart og gul skidrakt. Det er eitt hundre og fire år sidan det første Vasaloppet, og fem hundre og fem år sidan adelsmannen Gustav Vasa, som var komen sønnafrå som politisk flyktning, gav opp å samla folket i Dalarna til opprør mot danske tyrannen kong Kristian den andre, og heldt fram på ski vestover mot Noreg. Han blei innhenta av to menn frå Mora som sa at stemninga hadde snudd då dei fekk kjennskap til blodbadet i Stockholm, der heile det svenske aristokratiet var blitt slakta ned. Så det hadde vore kjempefint om Gustav ville vera så snill å organisera dette opprøret likevel. Vasaloppet byggjer såleis på ein tradisjon om frigjering. Men det rann snart ut i konstruksjon av mannleg identitet, og etter berre to år blei det innført forbod mot kvinner i løypa, som vanleg basert på uvitskaplege påstandar om biologi, og med at lange skiløp førte til snørr og sikling, som øydela den feminine ynden. Litt meir originalt er det at kvinnene måtte vernast mot halvville tømmerhoggarar som kunne koma styrtande ut or skogen.