Aleksander Åsnes har delt denne artikkelen med deg.

Aleksander har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Reportasje

På attgrodde vegar med Per Olaf og Per Vidar

Kampen om Senterpartiets sjel står no. To raudgrøne rabulistar reiste på ei pilegrimsferd for å finne den.

PÅ TUR: Per Olaf Lundteigen (til venstre) og Per Vidar Kjølmoen er her på veg inn i bilen til Kjølmoen på eit gardstun i Verdal i Nord-Trøndelag. PÅ TUR: Per Olaf Lundteigen (til venstre) og Per Vidar Kjølmoen er her på veg inn i bilen til Kjølmoen på eit gardstun i Verdal i Nord-Trøndelag.

Sola skin over eit haustfarga Trondheim idet Per Olaf Lundteigen (Sp) og Per Vidar Kjølmoen (Ap) set seg inn i bilen. Lundteigen ser skuffa på sidemannen.

– Eg spurde på hotellet om dei hadde heilmjølk. Det hadde dei sjølvsagt ikkje, seier han.

Per Vidar Kjølmoen frå Arbeidarpartiet ler og vrir om nøkkelen så det skranglar i heile doningen. Den vesle Golfen vart kjøpt på auksjon på Sørlandet i fjor og er no ute i eit viktig ærend:

Dei to politikarane skal leggje ut på politisk pilegrimsferd til staden der den raudgrøne alliansen vart skipa for 90 år sidan: garden til Arbeidarpartiets fyrste landbruksminister, Hans Ystgaard. Det skjedde samtidig med at bønder og arbeidarrørsla for fyrste gong fann saman og danna ein moderne politisk allianse i Noreg.

For Per Olaf og Per Vidar er denne alliansen det sjølvsagde startpunktet når Ap og Sp peilar ut den politiske kursen for åra framover. Men ikkje alle i ser det slik. Fleire Senterpartiet tek til orde for å utvida samarbeidet med borgarleg side. Nokre spør seg om ikkje norske bønder har meir til felles med Høgre-folk og Frp-arar enn med urbanistar i SV, Raudt og MDG?

Dei to mannfolka i framsetet svarar eit kontant «nei» på spørsmålet.

– Raudt som parti står mykje nærare oss enn partiet Høgre. Og det er når bønder og arbeidarar finn saman at samfunnet tek ei anna retning enn det kapitalkreftene vil, slår Lundteigen fast.

Ein trumpsk revolusjon

Golfen rullar nordover frå Trondheim. Vi er i heimtraktene til ein bonde og tidlegare Sp-minister som av mange vert rekna som den fremste representanten for den delen av Senterpartiet som ikkje vil at partiet skal vere tett knytt til Arbeidarpartiet og venstresida i politikken.

«Den dagen Ola Borten Moe blir leder i Senterpartiet, så vil det igjen være et borgarleg parti», sa Frp-topp Ketil Solvik-Olsen til Klassekampen i 2013.

Ola Borten Moe, som ikkje ønska å gje ein kommentar til saka, har vore statsråd og stortingsrepresentant for Senterpartiet over mange år.

I podkasten «Toje og Borten», saman med den konservative Frp-sympatisøren Asle Toje, skildrar han kor stor skade han meiner lover og reguleringar har ført til for europeiske land, og at han fryktar ein «Trumpsk revolusjon» i Europa om ikkje noko skjer med det.

Bestefaren hans Per Borten var sentral då Senterpartiet i 1963 for fyrste gong gjekk saman med dei borgarlege partia Høgre og KrF for å skipe regjering.

– For å seie det slik: Ola Borten Moe driv med innandørsidrett, og eg driv med utandørsidrett. Eg er ute i naturen og i elementa, han driv storskala kyllingproduksjon, seier Lundteigen.

Lundteigen meiner at Senterpartiet lyt halde seg langt unna eit regjeringssamarbeid med dei borgarlege partia.

– Dagens borgarlege parti er liberalistiske parti. Dei byggjer på den økonomiske liberalismen, og Senterpartiet vart stifta på motstand mot liberalismen, seier han.

Må ha Sp

Den borgarlege perioden til Senterpartiet varte til dei i 1993 gav regjeringa til Gro Harlem Brundtland og Arbeidarpartiet fleirtal.

Sidan 1978 har venstresida i norsk politikk aldri hatt fleirtal på Stortinget utan Senterpartiet. Kvar einaste gong Arbeidarpartiet har styrt landet sidan den gong, har det altså skjedd på Senterpartiets nåde.

Dei nære banda mellom partia oppstod likevel lenge før det: i 1935, etter at Noreg hadde vore herja av streikar og skarpe politiske konfliktar i mange år. Velferdsstaten var framleis berre ei ide, og Noreg var slettes ikkje det sosialdemokratiske landet det er i dag.

– I 1935 fann Arbeidarpartiet og Senterpartiet saman i kriseforliket som la grunnlaget for Nygaardsvold-regjeringa. Då kom ei meir rettferdig fordeling av dei materielle ressursane som var veldig radikalt den gongen. Og det skjedde fordi bønder og arbeidarar fann saman mot den økonomiske liberalismen, seier Lundteigen.

Og Lundteigen og Kjølmoen har lenge prata om å vitje ein av den som fekk det til.

HERSKAPLEG: Her står Per Olaf Lundteigen, Magne Ystgaard og Per Vidar Kjølmoen framfor bustadhuset på ­Ystgården i Sparbu i Nord-Trøndelag.

Hans Ystgaard (1882–1953) var både legendarisk og hylla, men også utstøytt og vendt ryggen til av dei harde Arbeidarpartisjefane Einar Gerhardsen og Haakon Lie.

For Lundteigen og Kjølmoen er han likevel ein helt og det store symbolet på korleis kjærleiksforholdet til Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå 1935 og fram til i dag har skapt det landet som vi no bur i.

Grisegarden

Før dei kjem så langt rullar bilen inn på eit gardstun som ber preg av at ungar pleier å leike og byggje hytte i trea.

Vi er i Nord-Trøndelag, der Frp akkurat har gjort sitt beste val nokosinne: fram 11,5 prosentpoeng. Senterpartiet gjekk attende 14,8 prosentpoeng.

I mørket i grisefjøsen står Øyvind Nesjan frå åtte til tolv timar kvar einaste dag, og han innrømmer at det er eit slit.

– Denne garden og dette området hadde eigentleg eigna seg betre til å drive med sauehald. Det er for mykje bjørn til at eg orkar det. Eg vil ikkje drive med rovdyrforing. Det kunne ha beita 90.000 sauer i heiane her, men det går berre fem hundre.

KAFFI OG BOK: Denne boka er skriven av Hans Magnus Ystgaard, men eigd av Per Olaf Lundteigen. Det er sistnemnde som har notert i ho.

– 90.000 sauer? spør ein skaka Lundteigen, før han byrjar å rekne på fingrane.

– Så grovt rekna kunne vi ha produsert ti prosent av alt sauekjøt i landet her i området, dersom arealet vart utnytta?

– Det kan stemme, svarar Nesjan.

Kjølmoen i Arbeidarpartiet tykkjer det er vanskeleg å forstå at så mange i området røysta på Framstegspartiet.

– Her kan vi syne svært tydeleg skilnaden mellom den retninga vi vil, og den Frp vil. Det finst knapt ein veljar som har meir å tape på Frp sin politikk enn ein bonde her i Verdal, seier han.

Kjølmoen fortel at han er uroa over dei som ynskjer at Senterpartiet skal gå til Høgre.

– Min jobb som Ap-politikar er å vise at vi har hatt eit nært slektskap til Senterpartiet i 90 år, og at vi ønskjer å utvikle det vidare. Sp ville ha vorte heilt knust i samarbeid med Høgre og Frp – det er eit prosjekt som står for det stikk motsette av det Sp står for.

RIPS OG KAKE: Kari Ystgaard (til venstre) har plukka rips frå hagen, bakt vaflar og laga livretten til ektemannen Hans Magnus Ystgaard: blautkake.

– Kvifor er det så viktig at Arbeidarpartiet og Senterpartiet står saman?

– Kva er den fremste verdien i sosialdemokratiet? Likeverd. Uavhengig av kven du er – men òg uavhengig av kvar du bur. Likskap på tvers av geografi er ein kjerneverdi både for Senterpartiet og Arbeidarpartiet, seier Kjølmoen.

Makt for ein kvar pris

På vegen mot Hans Ystgaards heimgard passerer vi heimstaden til ein annan Senterparti-profil.

Ivar Vigdenes var ordførar i Stjørdal i åtte år på eit samarbeid med Høgre, Frp og KrF, og han har vore tett på Ola Borten Moe som politisk rådgjevar. I dag jobbar han i PR-byrået First House.

Han fortel at det viktige ikkje er kven Senterpartiet samarbeider med, men kva dei får gjennomslag for.

– Nokre trur at politikk er å gå på talarstolen, vere sint og så bli nedstemd. Senterpartiet er det motsette: Politikk er makt og gjennomslag, nesten for ein kvar pris.

KREVJANDE: Kornåkeren til bonde Magne Ystgaard (til høgre) produserer ikkje like mykje korn som dei beste areala i Noreg.

Vigdenes tykkjer at nøkkelen for Senterpartiet ligg i å vere eit breitt styringsparti, som kan samle ei like brei politiske allianse som dei andre store partia.

– Senterpartiet skal ikkje berre krinse rundt Arbeidarpartiet. La Ap og Høgre krinse rundt oss. Vårt prosjekt er ikkje mindre tydeleg enn prosjekta til dei såkalla styringspartia, seier Vigdenes.

– I kva saker trur du Senterpartiet kan finne saman med dei borgarlege partia?

– Det kan gjelde innvandring, olje, gass, kraft, energi, justis og spørsmålet om vern og bruk av naturen – rovdyrpolitikken, til dømes, seier Vigdenes.

Det som forandra alt

Landskapet opnar seg opp i bølgjande åsar når ein køyrer nordover i Trøndelag, og etter nokre timar kjem den gamle golfen fram til det alle med ein gong skjønar er ein praktgard.

Ein storslått og kvit trevilla av typen trønderlån. Det betyr at huset er smalt, men strekkjer seg langt bortover tunet og framstår nærast herskapleg.

«Ola Borten Moe driv med innandørsidrett, og eg driv med utan­dørsidrett.»

Per Olaf Lundteigen, ­avtroppande stortingsrepresentant for Senterpartiet

– Dette har eg gleda meg til i mange år, seier Lundteigen i det han stig ut av bilen, plutseleg mållaus på det historiske gardstunet.

Garden heiter Ystgården, og her budde bonden Hans Ystgaard fram til han i 1935 flytta til Oslo og vart Arbeidarpartiets fyrste landbruksminister i regjeringa til Johan Nygaardsvold.

Under krigen budde han i London i fem år saman med kongen og resten av regjeringa, og sidan fekk han tre år heime på garden – akkurat nok til at det då tolv år gamle barnebarnet Hans Magnus Ystgaard hugsar han godt.

No tek 84-åringen imot dei raudgrøne pilegrimsfararane med kaffi og blautkake og syner fram skrivebordet der den gamle sat og jobba i kårstova. På veggen heng bilete av statsminister Johan Nygaardsvold, og av Hans Ystgaard sjølv.

– Du liknar jo på han.

«Han var stor og feit. Det er ikkje eg.»

Hans Magnus Ystgaard om bestefaren Hans Ystgaard

– Han var stor og feit. Det er ikkje eg, svarar barnebarnet tørt.

Ei ny retning

Hans Magnus Ystgaard har vore heiltidsbonde det meste av sitt vaksne liv, men også romanforfattar, dramatikar, omsetjar og historikar. Han har vunne den høgthengande Heddaprisen for eit av teaterstykka sine, har omsett elleve av Shakespeare sine stykke til trøndersk og tok over som redaktør for litteraturtidsskriftet Profil etter Dag Solstad og den segnomspunne Profil-krinsen i 1968.

Lundteigen har med si eiga utgåve av ei av bøkene hans og vil gjerne syne fram kor godt brukt og full av notat ho er.

– Det var rørande, seier kona Kari Ystgaard.

Så slår Lundteigen i bordet så det ristar i både kaffikrus og blautkake og deklamerer at han skal lese høgt frå ei originalutgåve av eit hefte som kom ut nokre år etter kriseforliket mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet i 1935.

«Jordbruket kommer ikke unna økonomisk planlegging. Uten det vil det bli en økonomisk slagmark, der de små og svake må vike. Så lenge dette ikke blir forstått, vil de andre samfunnslag fortsette med å øke sin realløn og levestandard på kostnad», les Lundteigen andektig frå dei gulna og 90 år gamle papirsidene.

«Ja, ja», kjem det jamt og trutt rundt kaffibordet.

Kriseforliket frå 1935 enda i ei kraftig opptrapping av subsidiane til norske bønder, som saman med norske arbeidarar hadde slite tungt sidan børskrakket i 1929. Utbygginga av velferdsstaten tok til gjennom alderstrygda og arbeidsløysetrygda, og arbeidsdagen vart regulert mykje strengare.

– Det kom ei politisk semje som vart eit bolverk mot Nasjonal Samlings framgang. Arbeidarpartiet og Bondepartiet fann saman om ei ny retning for landet, seier Lundteigen.

Og no fortel barnebarnet til arbeidarpartistatsråden Hans Ystgaard at han røysta Senterpartiet ved valet for tre veker sidan.

– Det er rørande å tenkje på kva som har vorte skapt ved at Arbeidarpartiet og Senterpartiet finn saman. Det står så tydeleg for meg at det er det samarbeidet som lyt halde fram, seier Kjølmoen.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Innenriks

Krystallnatta

Jødiske menigheter mener Krys­tall­natt-fakkeltog i norske byer er blitt kuppet av radikale krefter. Orga­ni­sa­sjonen Jødiske stemmer for rettferdig fred oppfordrer menig­he­tene til å delta i toget.

Klima

Klima­end­rin­gene gjør det umulig å berge alle de fredede kultur­min­nene på Svalbard. Nå blir det hard kamp om hva som skal priori­teres.

Barnevernet

Bydelen med ansvaret for Tamima Nibras Juhars drapsmann tok høyde for mer vold og trusler mot sine ansatte som en følge av nedskjæ­ringer. Kuttene for neste år blir enda mer brutale.