Høgre gjorde eit dårleg val på måndag, og denne veka har ei rekkje høgrefolk teke til orde for at partiet må skifte politikk, visjon og folk.
Hårek Elvenes var fram til nyleg forsvarspolitisk talsperson og stortingsrepresentant for Høgre, men kom ikkje inn att grunna det dårlege valet.
Han seier at det har vore for mange kommunikasjonsfolk i stortingsgruppa.
– Det er for mange kommunikasjonsmedarbeidarar. Dei har vorte eit filter mellom dei som er valde av folket, og folket sjølv og pressa. Det er ikkje bra, og det gjer den politiske kommunikasjonen meir strigla, seier Elvenes.
Og han får støtte frå ordføraren for Høgre i Strand, Irene Lauvsnes. Ho har fram til nyleg vore fyrste vara til Stortinget frå Rogaland, og ho har til saman møtt i nesten eitt år på tinget.
– Eg meiner at det er fornuftig å skifte ut heile partileiinga. Vi har stått på den same staden, med dei same folka og den same politikken veldig lenge. Eg trur vi fornyar oss best med å skifte ut heile leiartrioen.
Mange som tenkjer slik
Leiartrioen i Høgre består av Erna Solberg og nestleiarane Tina Bru og Henrik Asheim. Bru har varsla at ho kjem til å gå av som nestleiar.
Asheim er så langt den einaste i partiet som har sagt at det kan vere aktuelt for han å ta over som partileiar etter Solberg.
Lauvsnes seier at det er mange i Høgre som er samd med henne i at heile trioen bør gå av.
– Eg veit at det er veldig mange i Høgre som tenkjer slik. Det betyr ikkje at vi ikkje er nøgde med innsatsen deira. Dei er arbeidsame folk, men no treng vi fornying, seier ho og legg til:
– Noko av min største kritikk til leiinga er at dei ikkje lyttar til grasrota.
Misnøye på Stortinget
Klassekampen har prata med ei rekkje av dei som har representert Høgre i den førre stortingsperioden, og som skal gjere det dei neste fire åra.
Fleire av dei fortel at dei har vore frustrerte over at partileiinga dominerer så mykje av politikkutforminga, og at det er dei same toppane som tek all plass.
Dei fortel at dei har teke dette opp med partileiinga. Irene Lauvsnes seier at hennar inntrykk er at det er ei kjensle mange i stortingsgruppa har.
– Eg kan stadfeste det dei andre seier. Det er for få som tek viktige avgjerder. Og eg trur at bruken av ressursar i stortingsgruppa ikkje tek nok høgd for fagkompetanse. Eg meiner at stortingsrepresentantane må få større fagleg spelerom og må få nytte fagkompetansen sin, seier ho og legg til:
«Det er mange i Høgre som tenkjer at leiartrioen på gå av.»
— Irene Lauvsnes, ordførar i Strand (H)
– Eg trur at vi har gått inn for ein del dårleg politikk fordi dei som har teke avgjerder, ikkje har hatt god nok fagkompetanse.
Det har ved fleire høve vekt merksemd at partileiar Erna Solberg har overstyrt politiske vedtak som vart gjort på Høgres landsmøte. I 2020 gjekk ho ut og sa at Høgre ikkje hadde planar om å fjerne heile formuesskatten, sjølv om grasrota i partiet hadde fått gjennomslag for akkurat det på landsmøtet. Og då landsmøtet i 2022 vedtok at partiet skulle prioritere ein ny EU-kamp, slo Solberg raskt fast at det var «bortkasta energi».
Lauvsnes meiner at partileiinga i Høgre har skapt ei stemning der stortingsrepresentantar og andre politikarar i partiet har vore redde for å seie kva dei meiner om politikk.
– Vi har vore for redde for å utfordre leiinga og for redde for å utfordre etablerte sanningar. Til dømes i klimapolitikken. Eg trur dei fleste i Høgre tenkjer at klimamåla Høgre har sett ikkje er realistiske, men dei seier det ikkje, seier ho og legg til:
– Vi burde bli flinkare til å la stortingsrepresentantane bruke fagkompetansen sin, i staden for at nokre få skal uttale seg om alt.
Forståing
Kommunikasjonssjef i Høgre Cato Husabø Fossen skriv i ein e-post til Klassekampen at han forstår at ein del av stortingsrepresentantane er skuffa.
«Heilt fram til måndag denne veka har tusenvis av frivillige i Høgre jobba døgnet rundt i håp om valsiger. Det har også kandidatane og dei tilsette i partiet gjort. Eg har stor forståing for at Hårek, Irene og andre som ikkje kom inn på Stortinget no er skuffa og vel å gje uttrykk for dette på ulike måtar. Det får vi leve med, og så får vi ta evalueringa internt», skriv Fossen.
Klassekampen har forsøkt å få eit svar frå nestleiar i Høgre Henrik Asheim, men han hadde ikkje svart innan avisa gjekk i trykken.
Retting 12. september 2025: Opprinnelig sto det i denne saken at Hårek Elvenes sier at tette bånd mellom partiledelsen og kommunikasjonsapparatet til Høyre på Stortinget har bidratt til at politikkutviklingen har vært for dårlig de siste årene. Det er upresist. Det Elvenes mener er at det har vært for mange kommunikasjonsfolk i stortingsgruppa. Det er nå rettet.