Isak Haldorsson Slettebø har delt denne artikkelen med deg.

Isak har delt denne artikkelen

Bli abonnent
På tampen

Kontrær posering

Vi treng meir usemje i norsk filmkritikk, men ikkje meir smålegskap.

Breie smil: Joachim Trier og skodepelarane med Grand Prix-prisen dei vann for «Affeksjonsverdi» i Cannes i mai. Foto: AFPBreie smil: Joachim Trier og skodepelarane med Grand Prix-prisen dei vann for «Affeksjonsverdi» i Cannes i mai. Foto: AFP

Morgenbladets kulturredaktør Bernhard Ellefsen har lukkast i å få merksemd som Kultur-Noregs mest kontrære røyst med eit karakterdrap på filmregissør Joachim Trier og medmanusforfattar Eskil Vogt. «Affeksjonsverdi er nok en påminnelse om hvor pinlig det er at Joachim Trier er Norges fremste kultureksport», opnar pamfletten, som Ellefsen heller burde ha levert som protest til juryleiar Juliette Binoche i Cannes enn å stila han til ei filminteressert allmente, som enno ventar på norsk kinopremiere.

No verkar det som kulturredaktøren ikkje berre vil åtvara oss mot «Affeksjonsverdi», men også ta i skole 261.911 billettkjøparar som gjekk på norsk kino for å sjå «Verdens verste menneske». Ein annan av Triers prisvinnande filmar som, ifølgje Ellefsen, manglar «Allens humor, Truffauts visuelle lekenhet, Bergmans dybde. Samme hvor ivrig de prøver å plassere seg selv i storhetenes filmatiske selskap».

Vel, vel. Ellefsen minner oss også uunngåeleg om Allens parafrasering av George Bernard Shaw: Those who can, do; those who can’t, teach.

At Ellefsen avslører slutten på filmen, blir rekna som normbrot blant filmkritikarar.. Å pakka inn personlege antipatiar mot uttrykk ein ikkje liker eller ikkje forstår som «filmkritikk», har derimot tradisjon i norsk presse. Ellefsens reduksjonistiske og dømmesjuke lesing av «Affeksjonsverdi» kling kaldt av 1980-tal.

Film har av historiske årsaker vore eit så lite kulturfelt her til lands at levande bilde berre unntaksvis har vorte tatt på alvor som kunst med mediespesikke estetiske tradisjonar. Filmskaping og filmstudium var marginale fenomen fram til tusenårsskiftet.

«Han gjer jamvel ‘vakkert’ foto til noko negativt»

Skilnaden i status og kompetanse mellom filmkritikk på den eine sida og litteratur-, scene-, kunstmusikk- og bildekunstkritikk på den andre har ofte, men slett ikkje alltid, vorte reflektert i amatøristisk filmkritikk der subjektive meiningsdommar frå spitige skribentar har vorte redaksjonelt applaudert som salsplakatar for avisene. Journalistisk filmkritikk – og redaktørar si respekt for faget – har heller ikkje utvikla seg i takt med bløminga i filmbransjen dei siste 25 åra, som har dyrka fram talent som no konkurrerer om dei største filmprisane i verda.

At ein litteraturutdanna kulturredaktør i ei kulturavis tar på seg å melda den nye filmen til landets mest meritterte regissør, kunne jo bety at film blir prioritert seriøst, men at same redaktør nyttar meldinga til å slå opp at han synest den internasjonale suksessen er pinleg, er snarare sjølvopptatt. At Ellefsen småminkar seg til å håna at det blir strødd litt popstjerneglans over filmskaparen og å omtala ein kulturinstitusjon i Oslo som «lille Vega», er på grensa til irrasjonelt. Og dei nedlatande, utanomkunstnariske kommentarane kjem i Ellefsens harang mot «hul» elitisme i filmane!

Når han så prøver å identifisera «den triersk-vogtske metoden», nyttar han ikkje kreftene på ei ope drøfting av det filmen inneheld, men søker nidkjært etter element som kan stadfesta fordommar. Han gjer jamvel «vakkert» foto til noko negativt. «Skjønnhet» står her i motsetnad til «sannhet», polemiserer Ellefsen utan å gå inn i fotoets tekniske og narrative kvalitet. Han prioriterer heller å redusera intertekstuelle referansar til «høykulturelle markører» som «en del av filmens uforpliktende rekvisittering.

Det er her Ellefsens kontrære vurdering byrjar å likna posering. Kvifor læst han, brått, som han ikkje veit at det er i bildekomposisjonen meining blir skapt i film? Triers «rekvisittering» er ein nitid samansett, meiningsberande mosaikk. Om kulturredaktøren hadde lese sin eigen filmkritikar Ulrik Eriksens gamle intervju med Joachim Trier, ville han fått eit detaljert innsyn i både ideane og «den triersk-vogtske metoden» og kunne ha brukt kreftene på å vurdera resultatet mot intensjonen. Det er god kritikarpraksis ikkje minst i ein slakt.

Åtaket på «Affeksjonsverdi» er òg ein implisitt kritikk av eit filmkritikarlaug som er servilt overfor norsk suksess i Det store utland. Det gjev det ei viss meining å problematisera. Om kritikarar er for samstemte, kan det òg vera eit varsel om at nokre perspektiv er oversett. Ein annan av Morgenbladets filmkritikarar, Elise Dybvig, er blant dei som har tatt fagleg dialog på alvor med å gå Joachim Triers kvinneroller etter i saumane. Diverre er sjefen hennar meir opptatt av å slamra att døra til eit større tolkingsrom.

Nidstonga

  • «Ikkje dramatisk», er kommentaren frå filmprodusent Håkon Øverås når NRK spør kvifor han ikkje har betalt ut løn til statistar. Det spørst om sogningane som brukte ferien til å vera med på nyinnspelinga av «Markens grøde» i sommar, er samde i avdramatiseringa. Korkje statistar, folk i produksjonen eller tilsette fekk si løn på konto som venta 15. august. Norsk Filmforbund kallar situasjonen for medlemmene sine krevjande og seier manglande betaling er uvanlege i så store produksjonar. Regissør på prosjektet er Hans Petter Moland, og Isak og Inger blir spelte av Herbert Nordrum og Asta August, og det veletablerte selskapet 4 1/2 skapte mykje blest om opptaksstarten på fjellgarden Ormelid i Sogn. Kanskje dei prisar seg lukkelege no, nordlendingane, som var sure i vår for at filmatiseringa av Hamsuns nobelprisvinnande roman vart lagt til Vestlandet? GK

Helgeplanar

  • Om du alltid har drøymt om å sjå Bayeux-teppet, den 68,30 meter lange og halv meter høge skildringa av Vilhelm Erobraren sin siger i slaget ved Hastings i 1066, brodert i ni fargar med ulltråd på lintøy mellom 1066 og 1082, ja, da må du raska på. Franske konservatorar fryktar at veggteppet vil gå tapt når det no skal på utlån frå Bayeux-museet til British Museum i London. Den kulturhistoriske skatten vil ikkje tola frakta over kanalen, meiner kritikarar, som har samla over 60.000 underskrifter på eit opprop som ber president Emmanuel Macron gjera om på den «katastrofale» diplomatiske gesten. Belgiarane ler av disputten, og The Brussels Times har publisert ein karikatur der vi ser teppet i ein liten båt i Den engelske kanal. «Anglo-franske relasjonar har surna etter at britisk grensepatrulje nekta det 1000 år gamle meisterverket innpass i landet», heiter det. GK

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Kultur

Kulturuka

Finnes det noen øvre grense for hvor mye reklame i det offentlige rom som er greit?

Ideer

Den medisinske behand­lingen av trans­per­soner i Skandi­navia fikk inter­na­sjo­nale konse­kvenser, ifølge Ketil Slagstad.

Medier

Rådsmed­lemmer var kritiske til innram­mingen av minne­mar­ke­ringen og begreps­bruken i omtalen av Charlie Kirk.