Du kan bla til neste sideBla med piltastene
På tampen

Kontrær posering

Vi treng meir usemje i norsk filmkritikk, men ikkje meir smålegskap.

Breie smil: Joachim Trier og skodepelarane med Grand Prix-prisen dei vann for «Affeksjonsverdi» i Cannes i mai. Foto: AFP

Morgenbladets kulturredaktør Bernhard Ellefsen har lukkast i å få merksemd som Kultur-Noregs mest kontrære røyst med eit karakterdrap på filmregissør Joachim Trier og medmanusforfattar Eskil Vogt. «Affeksjonsverdi er nok en påminnelse om hvor pinlig det er at Joachim Trier er Norges fremste kultureksport», opnar pamfletten, som Ellefsen heller burde ha levert som protest til juryleiar Juliette Binoche i Cannes enn å stila han til ei filminteressert allmente, som enno ventar på norsk kinopremiere.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen