Solveigs salt

Retts­salstea­ter

Utan open samtale i offentlege rom stagnerer kulturen.

Samfunnet har svikta Gjert Ingebrigtsen ved å la han snubla ubudd inn i ansvaret for ein stor familie, og deretter gjera han til syndebukk for ein måte å tukta ungane på som var eit patriarkalsk privilegium i tusenvis av år, og fullt lovleg heilt til ganske nyleg. Samtidig har han sjølv skulda for at han ikkje har teke imot anna rettleiing enn den som passar til utvikling av idrettsstjerner. No blir det personlege initiativet hans mælt mot gjeldande lov i Sandnes tinghus, for opne dører og med flokkevis av journalistar som tolkar og analyserer kvart ord som blir sagt.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Solveigs salt

Å ofra alt

I femte akt i «Peer Gynt» kjem hovudpersonen framom ei gravferd og blir ståande og lytta til alt det fine som presten har å seia om den døde, ein tapper familiefar som trass i umenneskeleg motgang på ein avsides fjellgard greidde fø fram tre livskraftige søner. Han følgde dei endåtil på den lange og farefulle vegen til skulen, og bar dei på arm og rygg gjennom eit stupbratt skar. Men no har dei reist sin veg og tenkjer ikkje meir på han: «Tre velstandsherrer i den nye verden har glemt sin norske far og skoleferden.» Hadde dei fått eit ord med i laget, ville dei kanskje lagt vekt på andre hendingar. Mellom anna kunne dei ha opplyst om at det berre var skule nokre få veker om hausten og våren. Resten av året måtte dei arbeida frå tidleg morgon til seine kvelden heime på garden saman med faren og mora og bestemora, og endå var det berre så vidt at dei ikkje svalt ihel. Som nykonfirmerte fekk dei seg jobb hos meir velståande bønder, og emigrerte til Amerika straks dei hadde spart opp pengar til billett.

Halvguden Jakob

Forsvararane til Gjert Ingebrigtsen bruker fjernsynsdokumentaren «Team Ingebrigtsen» som bevis for at han aldri har utøvd vald i nære relasjonar. Det måtte vera ei overlag godtruen påtalemakt om ho lét seg påverka av det, for det som skjer i ein stor familie, er så innfløkt og omfattande at berre ein liten brøkdel kan fangast opp av eit kamerateam, om dei så følgjer med heilt inn på do. Opptak og redigering gjekk dessutan aktivt inn for å laga eit glansbilete av dei spreke gutane og den joviale trenarfaren deira. Om han snudde om til ein tyrannisk patriark straks kamera blei slått av, kjem me til å få vita mykje meir om i vekene framover, for hendingane er relativt ferske og augevitna mange. I tillegg vil maktfordelinga mellom forsvar og påtalemakt syta for at saka blir opplyst frå fleire sider. Den knuste idyllen vil aldri kunna limast i hop igjen. Elles er jo den nedbrytande konflikten mellom fedrar og søner like gamal som patriarkatet sjølv. I Bibelen krev det fjerde bodet at barna skal elska og æra foreldra sine, og lover suksess i jordelivet for dei som ikkje opponerer, trass i at den unge israelitten Jakob oppnår det same ved å narra far sin til å gje han førstefødselsretten sjølv om han i røynda er nummer to, mens den alltid lydige Jesus endar på eit kors og berre får løn i himmelen.

Eit verdig liv

Uro og sut for nedgang i folketalet går heilt tilbake til tida kring Kristi fødsel, då den romerske keisar Augustus prøvde å få kvinnene til å føda mange barn ved å gje dei pengar for det. Leiaren i Kristeleg folkeparti, Dag Inge Ulstein, held såleis oppe ein gamal tradisjon når han lokkar trebarnsfamiliane med 200.000 kroner i skattefrådrag. Og det er dei vel unt. Det er mange fordelar med å veksa opp i ein søskenflokk, og god økonomi gjev meir trivsel og mindre stress. Men dersom Ulstein vil gjera rett og skil for seg, må han samtidig sørgja for at dei unge får vita kva dei har å velja mellom, slik at dei ikkje får barn berre fordi dei trur at det er den einaste måten å vera vaksen på. Keisar Augustus ville ha fleire romerske borgarar for at dei skulle ofra livet som soldatar for eit rike i stadig vekst. Norske politikarar vil ha fleire nordmenn for at dei skal halda oppe produktiviteten og ta unna for eldrebølgja. Begge desse prosjekta byggjer på den same vrangforestillinga om uendelege ressursar, og den same motviljen mot å sjå seg om på ny. Me er jo allereie altfor mange her i verda.