Sofie Marhaug har delt denne artikkelen med deg.

Sofie Marhaug har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Eu

Stadfestar ny verkebyll

Fornybardirektivet har allereie splitta regjeringa. No stadfestar Ap at eit endå meir kontroversielt direktiv er på veg.

SPLITTA: Fornybardirektivet og EUs fjerde energimarknadspakke splittar både fagrørsla og venstresida. Her er Terje Aasland på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2023. Foto: Tom Henning BratlieSPLITTA: Fornybardirektivet og EUs fjerde energimarknadspakke splittar både fagrørsla og venstresida. Her er Terje Aasland på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2023. Foto: Tom Henning Bratlie

Regjeringa som bestod av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, rauk på grunn av tre EU-direktiv. Det mest kontroversielle av dei var det som heiter fornybardirektivet av 2018.

Fram til no har Arbeidarpartiet vore uklare på kva som skal skje vidare, men energiminister Terje Aasland røper at planen også er å innføre det endå meir kontroversielle fornybardirektivet av 2023.

«Ja, hensikten er jo det. Vi ønsker å implementere det regelverket som ligger i EU», sa Aasland i Europautvalet førre veke. Det er Stortingets organ for konsultasjon med regjeringa om EU og EØS.

Til Klassekampen stadfestar Aasland dette.

– Ja, det er riktig. No dreier det seg om at vi skal innføre 2018-direktivet, og så må vi ha ein skikkeleg prosess på 2023-direktivet.

– Er du samd med kritikarane i at 2023-direktivet inneber å gje frå seg endå meir suverenitet over straummarknaden?

– Nei, fornybardirektivet handlar om å sameine norsk lov med Europa, men ikkje om å gje frå seg kontroll.

Planen heile tida

Parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad seier at dette er akkurat det dei har frykta.

– Eg trur planen til Ap heile vegen har vore å innføre dei nyare og langt meir omfattande versjonane av både fornybardirektivet og bygningsdirektivet, seier Marit Arnstad.

– Men dei har bagatellisert kritikken og underkommunisert at det er dette som har vore planen.

– Har det vore ureint spel frå Ap?

– Eg føler dei har avfeia kritikken vår, men all logikk i EØS-avtalen tilseier at tek du 2018-direktiva, må du ta 2023-direktiva òg. Så eg tenkjer vel at dei har underspelt kritikken så godt dei kan, utan at det har vore grunnlag for det.

Arnstad seier at 2023-versjonen av fornybardirektivet heilt klart er meir omfattande enn 2018-versjonen.

– Det kjem til å leggje større band på lokale styresmakters rett til å avgjere om det skal byggjast til dømes vindkraft eller ikkje, seier ho.

– Kan Sp sitje i ei regjering som innfører fornybardirektivet frå 2023?

– Senterpartiet ser på heile den fjerde energimarknadspakka samla. Ho er siste steg før Noreg er fullstendig integrert i EUs energisamarbeid. Fornybardirektivet er eitt av åtte direktiv, dei andre sju set òg avgrensingar på norsk energipolitikk, og vi ønskjer ikkje at den pakka skal innførast i Noreg.

– Så svaret er nei?

– Svaret er at vi ikkje kjem til å gå tilbake på det.

Same med bygg

I svaret sitt til Europautvalet seier Aasland at det er slik at når vi no innfører 2018-utgåva av fornybardirektivet, så gjer det at 2023-utgåva vert meir EØS-relevant og dermed at vi vert pålagt å innføre det.

«Ap har bagatellisert kritikken.»

Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet

Arnstad seier at det er det som er grunnen til at Senterpartiet ikkje kan akseptere å vere med på å innføre nokre av direktiva i EUs fjerde energimarknadspakke.

– Det er heilt logisk at når du først tek inn eit direktiv, skal den nyaste versjonen av det følgje etter, påpeikar Arnstad.

Ho trur derfor at 2023-versjonen av bygningsdirektivet òg vil bli innført.

– Innføringa av bygningsdirektivet blir bagatellisert, men 2023-versjonen kan bli svært dyr for norske huseigarar, seier Arnstad.

Ho viser til ei utgreiing gjort av Noregs Bank i fjor, som ser på kostnadene ved energieffektiviseringa som bygningsdirektivet frå 2023 legg opp til. Den viser at det vil koste om lag 450.000 kroner i snitt for ein einebustad.

For leilegheiter er snittkostnaden 160.000 kroner, ifølgje rapporten frå Noregs Bank.

– Ap har vore utydeleg

Energipolitisk talsperson i Raudt Sofie Marhaug tykkjer ikkje at Arbeidarpartiet har vore tydeleg nok på konsekvensane av å innføre fornybardirektivet av 2018.

– Eg tykkjer Arbeidarpartiet har vore utydeleg og heldt tilbake om dette. Og så er det bra at han er ærleg no, seier ho.

Ho meiner at fornybardirektivet av 2023 vil leggje opp til ei massiv utbygging av vindkraft og annan fornybar energi i norsk natur.

– 2023-direktivet er meir kontroversielt. NVE har levert eit høyringssvar som er ganske kritisk. Heile hensikten med fornybardirektivet er å byggje ut meir fornybar energi, og difor inneheld det ei rekkje verkemiddel. Dei blir berre drygare og drygare.

– No har fornybardirektivet splitta regjeringa, og det er stor usemje i både fagrørsla og på venstresida om dette. Er det ikkje dumt om dette nye direktivet også skal skape splid i årevis?

– Eg går ikkje med på at vi skal tvinge gjennom vilja til delar av Arbeidarpartiet på tvers av vilja til Raudt, SV og Senterpartiet. Vi kan ikkje gjennomføre irreversible inngrep for å gjere dei nøgd, seier Marhaug.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Politikk

Oljefondet

I dag stemmer Stortinget over om oljefondet skal ut av israelske selskaper.

Høyre

Begge vil bli Høyre-leder. Men bare én av dem vil prioritere å kutte i formues­skatten.

Høyresiden

Dersom Høyre blir mindre progres­sive i klima­po­li­tikken, risikerer de å miste Venstre, sier nestleder Sveinung Rotevatn.