Magnus Takvam jobba i NRK i nesten 40 år og var som politisk kommentator over fleire tiår ein eineståande autoritet på kva som rørte seg i det politiske liv og korleis ein skulle forstå det.
No har han skrive bok, og der kjem det fram at det ikkje er alt han har gjort han er fornøgd med.
Takvam meiner at det finst døme på at NRK vart påverka av høgresidas narrativ om kven Jonas Gahr Støre var.
Annonse
– Eg meiner at det var ein historisk arv som skapte ein frykt for å bli sett på som venstrevridd i NRK, og at dette gradvis kunne skape ein ubalanse den andre vegen. Media bidrog sakte men sikkert med å snu og forme folkeopinionen rundt Støre, og det har også NRK vore for lite medvite. Det er krevjande å stå i mot det, du må ha veldig sterke redaksjonelle leiarar for å klare å stå imot det, seier han.
Nyheitsredaktør i NRK Marius Tetlie er usamd i at frykt for å vere venstrevridd har flytta NRK til høgre.
– Vi blir skulda for politisk slagside frå begge sider, og det er ein balanse vi står i kvar dag, seier han.
Angrar sak
Det er særleg ei sak Takvam vil trekkje fram for å syne at Aps politiske konkurrentar har vunne fram med si forteljing om Støre.
Knappe to veker før valet i 2019 avslørte NRK at Støre hadde noko av formuen sin i fond som var investert i privat eldreomsorg, sjølv om Støre politisk var ein motstandar av privat eldreomsorg.
Saka vart slått stort opp i NRK og prega nyheitsbiletet inn mot valet. Støre selde seg ut, og i dag har han alle pengane sine i banken.
Det NRK ikkje opplyste om, var at summen han hadde investert i privat eldreomsorg var svært låg. Dagens Næringsliv skreiv seinare at det var på kring 120 kroner.
«Eg hadde ei dårleg magekjensle på den saka.»
— Magnus Takvam, politisk kommentator
Saka var driven fram av dåverande politisk journalist Cato Husabø Fossen, som i dag er kommunikasjonssjef i Høgre. Også journalisten som har skrive teksten du no les, var med på å jobbe med saka.
– Eg hadde ei dårleg magekjensle på den saka og var også klar over at den kunne komme frå politiske konkurrentar av Ap. Eg spurte om det, og det vart nekta for at det låg bak. I ettertid har eg skjønt at saka truleg kom frå politiske konkurrentar av Ap, og at fleire andre medium hadde takka nei til tipset.
– Sett i ettertid var saka for lita. Det er ikkje uvanleg at politiske parti kjem med tips, og det er ikkje noko feil med det. Då må ein gå opp sakene sjølv, og det gjorde ikkje NRK godt nok i den saka. For meg har det vore viktig at eg ikkje seier noko på lufta som eg ikkje er trygg på, men her gjorde heller ikkje eg ein god nok jobb.
I boka si skriv Takvam at saka ikkje skulle ha vore ute.
«Både fordi innholdet i saken var for tynt, tidspunktet for saken uheldig, og det var dårlig kildekritikk. Jeg følte meg brukt».
Annonse
Hans univers
Takvam meiner ikkje at det er noko gale å skrive om at arbeidarpartileiaren hadde ein stor formue eller korleis han forvalta den. Han meiner likevel at summen i valkampane i 2017 og 2019 vart ei forteljing om Støre som hans politiske motstandarar kunne seie seg veldig godt fornøgd med.
– Støres formue er ein del av hans univers, og det er naturleg å skrive om det. Eg meiner likevel at NRK i denne saka kjøpte narrativet som kom frå hans politiske motstandarar, seier han.
Nyheitsdirektør i NRK Marius Tetlie var involvert i handteringa av den aktuelle saka i 2019. Han vil ikkje kommentere om saka kom frå Høgre eller ikkje.
– Vi kan sjølvsagt ikkje kommentere korleis vi har kome over saker eller tips. Det er eit prinsipp for dei fleste medium. Når det gjeld at Magnus skal ha spurt om kor saka kom frå, så kjenner eg ikkje til det.
– Tenkjer du i dag at saka er god?
– Vi står bak den publiseringa. Det kan likevel vere interessant å reflektere rundt storleik og korleis ting vart presentert.
Kommunikasjonssjef i Høgre og tidlegare politisk journalist i NRK Cato Husabø Fossen skriv dette i ein e-post til Klassekampen:
Annonse
«Eg hugsar det var mange og lange samtaler internt i redaksjonen, med redaksjonsleiinga og med fleire redaktørar, som Magnus ikkje var del av. Etter grundige vurderingar konkluderte NRK med at det var riktig å publisere denne saka. Eg merker meg at nyheitsdirektør Tetlie seier det er ei vurdering NRK står ved, også i dag.»
Borgarleg brest
Sjølv om Takvam meiner at noko av dekninga av arbeidarpartileiaren har vore urettferdig, så skriv han i boka om manglar og feil ved Støre som både partileiar og statsminister.
Takvam meiner at bakgrunnen gjer at han må arbeide ekstra hardt for å bli akseptert av både veljarar og partimedlemmar.
– Støre har eit borgarleg verdigrunnlag som eg trur pregar korleis han ser på seg sjølv som politisk aktør og som statsminister, og som er ein brest hos han.
– Korleis då?
– Slik eg oppfattar Støre, gjennom det han har sagt i ulike intervju, og gjennom hans politiske praksis, så har han definert si viktigaste oppgåve i denne tida til ein ting: å leie Noreg gjennom ei krisetid prega av krig og konflikt og ekstreme utfordringar rundt oss. Indirekte seier han at både media og folk flest ikkje skjønar godt nok kor krevjande denne jobben er, og det gjer han frustrert. Slik oppfattar eg det, i alle høve, seier Takvam.
– Han har gjort ein stor innsats i denne delen av jobben, men slik eg ser det har han undervurdert den økonomiske politikken, og ikkje sørga for å ha god nok fagøkonomisk kompetanse i regjeringsleinga. Dermed har økonomisk politikk og skattepolitikk blitt eit stort politisk problem for han sjølv og for Arbeidarpartiet.
– Historia om Jonas Gahr Støre er eigentleg ei tragisk historie, sett frå den ståstaden at den viktigaste oppgåva til eit politisk parti er å få oppslutnad, seier han.