Sidsel Hoelsæter har delt denne artikkelen med deg.

Sidsel har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Ap tykkjer det er greitt at Statnett greier ut to nye kraftkablar til Danmark, sjølv om Sp seier nei.

Stoppar ikkje kablar

Grei kabal: Ingvild Kjerkhol (Ap) tykkjer det er naudsynt å greie ut om to nye kraftkablar til Danmark. Foto: Siv Dolmen

På landsmøtet tidlegare i år vedtok Senterpartiet at dei ikkje vil byggje nye kraftkablar til Danmark når dei to kablane Skagerrak 1 og 2 går ut av drift i 2026.

No har Statnett varsla at dei går i gang med å greie ut ei fornying av dei to kablane.

Ingvild Kjerkol (Ap) er leiar av energikomiteen på Stortinget, og ho tykkjer det er greitt at Statnett ser på det.

– Dette er ein naudsynt prosess der vi treng fakta på bordet. Statnett skal også greie ut kva slags konsekvensar det får å rive kablane, så ingenting er bestemt, seier Kjerkol.

Sp seier nei

Dei to eldste kraftkablane mellom Danmark og Noreg vart opna i 1976 og 1977. Dersom det no ikkje blir bygd nye, vert overføringskapasiteten mellom dei to landa redusert med 500 megawatt.

Energipolitisk talsperson i Senterpartiet Gro-Anita Mykjåland treng ikkje noko utgreiing for å konkludere.

Ho slår fast at Senterpartiet seier nei til kablane.

– Vi er tydelege på at desse kablane ikkje bør bli fornya. Det er ikkje noko behov for å auke overføringskapasiteten til utlandet for norsk forsyningstryggleik, seier Mykjåland og legg til:

– Vi har allereie ein massiv prissmitte frå Europa som gir oss høge straumprisar. Det siste vi treng, er endå meir overføring til utlandet. Vi treng mindre, seier ho.

Senterpartiet peikar på at det kom ein ny kraftkabel til Danmark i drift i 2014, og at Statnett då argumenterte for at det var naudsynt sidan dei eldre kablane ville slutte å fungere i 2026. Partiet meiner difor at fornyinga allereie har skjedd.

Klassekampen har vore i kontakt med Statnett, men ingen der hadde tid til å gje ein kommentar til saka.

Raudt er skuffa

Energipolitisk talsperson i Raudt Sofie Marhaug er skuffa over at Senterpartiet ikkje har klart å hindre Statnett frå å gå i gang med ei utgreiing av nye kraftkablar til utlandet.

– Senterpartiet har vore høgt på banen og sagt at dei skal stoppe desse kablane. Då bør regjeringa ta kontroll og stoppe dette først som sist. Viss den komande regjeringa blir styrt av Erna Solberg, så vil den utgreiinga som Statnett no vil utføre, servere desse kablane på eit sølvfat til den regjeringa, seier Marhaug.

Også stortingsrepresentant for Senterpartiet Per Olaf Lundteigen er forundra over at Senterpartiet ikkje har klart å stogge Statnett frå å jobbe vidare med kablane.

– Desse kablane er med på å destabilisere heile det norske kraftsystemet, ved at vi får ustabil, uføreseieleg og ikkje-konkurransedyktige straumprisar i Noreg. Det er heilt i strid med det som står i Hurdalsplattforma, seier Lundteigen.

– Statnett seier at ei fornying av desse kablane er viktig for å sikre at vi har nok straum når det er kaldt og tørt.

– Det er tull. Det er ikkje sant. Vi har ofra den norske naturen for å byggje ut enorme vassmagasin og vil ha god forsyningstryggleik i Noreg også utan desse kablane, seier han.

Lundteigen trur ikkje at Statnett hadde gått i gang med denne utgreiinga viss ikkje dei hadde fått støtte til det frå regjeringa.

Høgre vil vente

Energipolitisk talsperson i Høgre Mathilde Tybring-Gjedde seier at dei ikkje har konkludert med kva dei meiner om ei fornying av kraftkablane til Danmark endå.

Ho meiner likevel at det er rart at Senterpartiet seier nei før det er utført ei utgreiing og ei høyring.

– Det overraskar ikkje at Senterpartiet tek den lettvinte og useriøse tilnærminga og konkluderer før dei har fått kunnskap på bordet, seier ho.

Sjølv om Høgre seier dei ikkje har konkludert, peiker Tybring-Gjedde på at vi vil bruke meir kraft i Noreg i framtida, og at kraftkablar til Danmark då vil kunne vere positivt.

– Det norske kraftforbruket vil stige kraftig framover mot 2030, og det vil ete av dagens kraftoverskot. I motsetnad til Noreg så byggjer Danmark ut svært mykje fornybar kraft, og ei sterk kopling til Danmark vil kunne sikre oss billeg straum frå danske vindkraftverk når det bles for fullt, seier ho.

Fornybar Norge nøgde

Leiar i bransjeorganisasjonen Fornybar Norge Åslaug Haga tykkjer det er veldig bra at Statnett går vidare med arbeidet med kraftkablane til Danmark.

Ho seier at det er mykje som talar for å byggje nye kablar.

– Europa byggjer ut store mengder fornybar energi, og desse kablane er vår tilgang til den krafta. Vi skal sjølvsagt vente på konsekvensane frå utgreiinga til Statnett, men det er allereie no svært mykje som tilseier at vi bør skifte ut desse kablane, seier Haga.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!