– Du og Sindre Finnes har tent 1,8 millionar kroner på aksjehandel i dei åtte åra du var statsminister. Kva skal de bruke pengane på?
– Det veit eg ikkje, det må Sindre vurdere. Akkurat no har han jo nokre advokatrekningar.
– Korleis konkret skaffa du deg oversikt over aksjeporteføljen til deg og Sindre Finnes då du var statsminister?
– Det som var avtalen då vi gjekk inn i regjering i 2013, var at eg bad han om å snakke med Statsministerens kontor (SMK). Det var viktig at SMK hadde oversikt over kva vi eigde av aksjar. Derfor måtte han vurdere aksjeporteføljen, og vi måtte vite om større endringar i den. Så er det slik at dette er i aksjonærregisteret kvart år, og det er offentleg tilgjengeleg informasjon. Det viser kva han eig kvart år ved nyttår.
– Har du sett på dette aksjonærregisteret kvart år?
– Eg har sett på kva aksjar vi har over tid. Om eg har vore inne kvart år, veit eg ikkje. Spørsmål om habilitet er noko som kjem opp når du handsamar enkeltsaker. Så lenge du har ei liste med selskap som du må sjekke mot, så blir det det viktigaste.
– Var svaret ja? Du har sjekka aksjeporteføljen hans sjølv?
– Eg har også sjekka aksjeporteføljen på nokre tidspunkt, og sett på det i aksjonærregisteret.
– Kor mange gonger?
– Det viktigaste er at eg har sett nok til å sjå at det ikkje har vore store endringar slik som nye selskap. Eg har også vore i aksjonærregisteret av nysgjerrigheit, sjølvsagt.
– Var det primært SMK eller primært deg som haldt kontroll på aksjeporteføljen?
– Vi hadde i utgangspunktet ein oversikt over kva vi eigde, og så kjem aksjonærregisteret i tillegg.
– I 2017 skreiv Sindre Finnes til SMK at han skulle overføre mesteparten av verdiane sine til eit aksjefond. Om du var inne og såg i aksjonærregisteret i anten 2017, 2018, 2019, 2020 eller 2021 må du jo ha sett at han ikkje gjorde det. Kva tenkte du då?
– Eg opplever at den diskusjonen handla om nedsalet i Q-Free (som leverte teknologi til bompengefirma, red.anm.), og at det var det den saka dreia seg om.
– Han skriv at han skal overføre det meste av verdiane til eit fond?
– Jadå, men Q-Free var ein ganske bra del av verdiane. Men dei selskapa han sat igjen med, var kjente selskap.
– Men du gjekk ikkje vidare med det då du såg at han ikkje hadde overført mesteparten av verdiane til eit fond, slik han hadde skrive at han skulle?
– Nei, dette var ein e-post som gjekk til SMK, og den er knytt til Q-Free.
– Spørsmålet her er om du burde ha sjekka meir enn du har gjort. Eit anna døme er at frå 2017 til 2020, så hadde talet på Hydro-aksjar i aksjeporteføljen dobla seg. Han har altså kjøpt seg opp i Hydro, trass i at han sa i 2017 at han skulle overføre mesteparten av verdiane til eit aksjefond. Dette må du vel ha sett?
– Ja, men som sagt trur eg at den e-posten må ein lese i kontekst av den debatten som var rundt Q-Free.
– Fekk du med deg at han kjøpte seg opp stort i Hydro?
– Eg trur ein var klar over at det var noko auka oppkjøp i Hydro, og at det var ting ein måtte ta med.
– Då du og regjeringa tok ei avgjerd om at Røldal-Suldal-kraftverket skulle gå til Hydro, så eigde du og Sindre Finnes kring 180 000 kroner i Hydro. Viss du hadde fått med deg den store auken i Hydro-aksjar de eigde i forkant av denne avgjerda som du tok, kvifor fekk du ikkje habiliteten din vurdert då?
– Nei, det meiner eg at kanskje ein burde ha gjort. Opplevinga var nok at beløpet var for lite til at det var grunnlag for det, men eg er samd i at det beløpet er på grensa sett i ettertid.
– Det er over grensa, seier professor Eivind Smith til oss.
– Ja, det kan vere.
– Har du på noko tidspunkt i statsministerperioden din spurt Sindre Finnes kor mange aksjar han eigde?
– Nei, det spurte eg ikkje om direkte. Utgangspunktet er at om du er gift med nokon, så driv du ikkje med kryssforhøyr av ektefellen din.
– Men når du er statsminister har du ein plikt til å finne ut om du kan vere inhabil, så dette handlar jo ikkje om rolla di som kone.
«Akkurat no har han jo nokre advokatrekningar.»
— Erna Solberg, leiar i Høgre
– Utgangspunktet er at viss vi hadde habilitetssaker, så følte eg på det tidspunktet at vi hadde kunnskap nok.
– Det er veldig tydeleg at du har ei undersøkingsplikt, du må finne ut av dette. Det går langt forbi eit forhold mellom kone og mann.
– Eg meiner at undersøkingsplikta mi er oppfylt ved at vi i 2013 bad Sindre ha ein samhandling med SMK og lage eit system kor eg trudde at vi var oppdatert på kva selskap Sindre hadde eigarinteresse i.
– Du har hatt eit ganske passivt forhold til dette.
– Det meiner ikkje eg at eg har hatt. Eg meiner at vi har laga ein avtale, og til dømes i sakene med Q-Free var det ikkje passivt. Der selde han seg ut, og det var jo ikkje passivt.
– Eg tenkte meir på kor lite du har gjort for å følgje med på dette.
– Du føreset framleis at ein ikkje trur på den ein er gift med.
– Nei, for no pratar vi om at du har gjort lite for å få oversikt over den informasjonen som var offentleg.
– Vi meiner at vi har hatt ein avtale og eit system som vi trudde gjorde at vi passa på dette.
– Du har fleire gonger sagt at aksjeporteføljen til Sindre Finnes har sett ganske lik ut kvart år. Men den har jo ikkje det.
– Den ser jo tilnærma lik ut i form av at dei selskapa han går ut av, er selskap han melder at han går ut av. Han har kjøpt seg opp i Hydro, og det er ein emisjon i eit anna ikkje-børsnotert selskap, og dette melder han frå om. Dei forandringane som er i aksjeporteføljen er i hovudsak nedsal i 2013 og 2017. Og det var faktisk kjent for oss.
– Du seier sjølv at auken i Hydro-aksjane kan ha gjort deg inhabil. Då er det relevant å halde styr med ikkje berre kva selskap de eig, men kor mange aksjar de eig?
– Jau då, og der har vi kanskje ikkje gjort god nok jobb.
– Alle som har jobba med deg seier at du alltid er den i rommet som har best kontroll på detaljar. Kvior har du hatt så dårleg kontroll her?
– Fordi eg trur at eg har hatt kontroll, fordi eg trudde det vi trudde vi visste om aksjeeigarskap. Sindre har jo ikkje vore ærleg med meg.
– Nei, no tenkte vi meir på kvifor du ikkje hadde kontroll på denne offentlege informasjonen, du som har kontroll på det meste anna.
– Då må eg tilbake til dette med at eg trur at det Sindre seier er riktig.