Marilynne Robinsons romanar har omsider fått ei viss utbreiing i Norge, etter at Cappelen Damm tok eit krafttak og gav ut tre av bøkene i Gilead-kvartetten. Den fjerde kjem til hausten, og no har Verbum sett seg syn med å gi ut essaya hennar, i Preben Jordals kompetente omsetjing. Røysta vi møter der, er ganske ulik den vi møter i fiksjonsforteljingane: I romanane er Robinson utforskande, forsonleg og utvidande; essaya har det same vidsynet, men er skarpare i tonen – fastslåande, ofte polemisk.
Marilynne Robinson er ein usedvanleg lærd og stortenkt essayist.