Verdiskaping i oppdretts­næ­ringa

MEIR ENN LOKALITETAR: Kanskje skulle representantar for departement og Storting ta turen ut av Oslo for å lære litt om realitetane i oppdrettsbedrifter langs kysten? FOTO: LINE ØRNES SØNDERGAARD

Verdiskapinga i ei kvar næring vert delt mellom eigarane, dei tilsette i form av lønsinntekter og det offentlege gjennom skattar og avgifter. Den særskatten på oppdrett som regjeringa ynskjer å innføre vil innebere at staten tileignar seg ein større del av verdiskapinga. Ein grunngjev dette med at storsamfunnet skal få meir av den verdien som vert skapt ved bruk av naturen i form av oppdrettslokalitetar. Denne grunngjevinga er misvisande, ettersom det er ein kombinasjon av produksjonsfaktorar som skapar desse verdiane og ikkje berre lokalitetane.

Debatt