Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Verdiskaping i oppdrettsnæringa

Verdiskapinga i ei kvar næring vert delt mellom eigarane, dei tilsette i form av lønsinntekter og det offentlege gjennom skattar og avgifter. Den særskatten på oppdrett som regjeringa ynskjer å innføre vil innebere at staten tileignar seg ein større del av verdiskapinga. Ein grunngjev dette med at storsamfunnet skal få meir av den verdien som vert skapt ved bruk av naturen i form av oppdrettslokalitetar. Denne grunngjevinga er misvisande, ettersom det er ein kombinasjon av produksjonsfaktorar som skapar desse verdiane og ikkje berre lokalitetane.