På vindaugskarmane til dei gamle togvognene til dei norske statsbanane var det eit skilt der det stod: «Len Dem ikke ut». Ein gong skrudde ein anonym spøkjefugl laust eitt av dei og festa det til ein liten stein oppå det ikkje særleg bratte fjellet Snøhetta. Då den unge poeten Georg Johannesen kom dit opp sommaren 1959, lét han seg fotografera med steinen med skiltet i hendene. Hos biografen Alfred Fidjestøl er det forstått som eit utslag av opprørstrong og vågemot: «Georg Johannesen trassa alt og alle, også på Snøhettas topp.»
Han var høgt respektert som genial rabulist – kanskje litt i meste laget.