No blir omsider «Utvandrerne», filmen til Erik Poppe basert på firebindsverket til Vilhelm Moberg, vist på norske kinoar, og Poppe blir intervjua om filmen og den svenske kritikken i Klassekampen 2. september. Jan Troells film frå 1971 og 72, med Liv Ullmann og Max von Südow, varte til saman i seks og ein halv time, medan Poppes varer i to og ein halv. Journalisten skriv at «Mange svenske kritikere mener imidlertid Poppe har utelatt for mange personer og handlingstråder fra Moberg og Troells verker.»