Språk 23. okt.
Språksvømming og sidemål I eit innlegg av professor Øystein A. Vangsnes i Klassekampen 17.10. om Sogn og Fjordane-effekten, som så vidt eg forstår går ut på at elevar i dette gamle fylket gjer det betre enn andre på ulike prøver, er eit grunnleggjande premiss at elevane der får ei litt meir intens intellektuell trening: Dei sym i bokmål allereie i førskulealder, men får lese- og skriveopplæring gjennom noko som er litt annleis, og må jobbe litt meir enn bokmålselevane for å halde seg flytande. Derfor bør bokmålselevane få meir nynorskopplæring, slik at dei på tilsvarande måte kan nyte godt av nynorskeffekten i læringa si.
Eg stussar over at barn i nynorskkommunar skulle symje i bokmål. Sjølv om ein og annan barnehagelærar skulle snakke noko som ligg nær bokmål, ho eller andre skulle lese bokmålstekstar i barnehagen, og barne-TV og liknande for det meste er på bokmål, veks dei opp i ein kommune der talemålet ligg nær nynorsk – det er derfor det er tale om ein nynorskkommune, der man sym i nynorsk.
Men bokmålselevane sym i bokmål, og vil få litt meir intens intellektuell trening ved å lære nynorsk. Slik trening kan dei imidlertid òg få på anna vis, i andre fag.
Karl Øyvind Jordell