For første gong på tre år gjekk barnetoget gjennom gatene, med flaggborga halden på strak arm av unge jenter og gutar. Dei stansa framfor fridomsmonumentet utanfor kyrkja og stilte flagga på skrå, og korpset spelte «Ja vi elsker» mens resten av oss prøvde å svelgja klumpen i halsen så pass at me kunne syngja med.