Ved månadsskiftet skjedde det merkverdige at EU-parlamentet reiste seg og gav ståande applaus til eit innlegg på videolink. Han som snakka, var ein smalskuldra mann i t-skjorte, barnsleg rund i kinna, med mørke og vidopne auge. Hjelp! sa han på ukrainsk, og trong nesten ikkje tolk for å nå fram til dei vanlegvis så blaserte tilhøyrarane. Då han forsvann frå storskjermen, var dei klar til å gje han alt han bad om, i alle fall mykje meir enn før.