For å ri på ein hingst må du overtyda han om du er far hans.
Solveig Aareskjold, forfattar
BRUNST TIL BRY: Ein litt for vill hingst kan fort bli kastrert. BRUNST TIL BRY: Ein litt for vill hingst kan fort bli kastrert.
Som barn var eg forelska i lam, kalvar og føl, og såg på alle som var i stand til å setja slike underverk til verda og endåtil næra dei ved mjølk frå eige jur, som fine og fornemme vesen. Dei stakkars vêrane, oksane og hingstane var derimot for vrakgods å rekna, sidan dei enten blei gjelda eller slakta.