BERRE VENT: Ingen veit korleis dei siste åra blir, skriv Aareskjold. ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, 8KNUTLVAS@GMAIL.COM
Ho brukte mykje tid på å koma seg ut or legekontoret, og passerte med korte steg og sukk og stønn gjennom venterommet. Døra ut til gangen blei ståande open etter henne, og stemma gjalla jammerfullt mellom betongveggene: «Berre vent til de blir gamle!»