Julie Mehlum påstår i sitt siste innlegg 12. august at eg har mistolka FHI sitt høyringssvar, og at FHI meiner dei nye retningslinjene for helsehjelp til personar med kjønnsinkongruens er «slurvete». Dette er feil, både kva gjeld høyringssvaret og kva gjeld FHI si presisering i media i ettertid. FHI understrekar at retningslinjene er uforsvarlege og lovstridige, svært sterke karakteristikkar. Korleis Mehlum kan omsetja dette til «slurvete», er ubegripeleg, og i alle fall ikkje reieleg. Intersex-tilstandar opphevar heller ikkje biologiske realitetar om kjønn som binært, slik Mehlum påstår, det dreier seg om ein sjeldan variant innanfor eit binært mønster. Kvinners kjønnsbaserte rettar, nedfelt i FNs kvinnekonvensjon, er avhengig av at me ikkje lar nye trusimperativ om kjønn erstatta fakta.