Ei hurtig historie

Det var juni 1990. Studieåret var ferdig, og eg skulle heim til Molde. Eg var blakk, heilt blakk, fordi eg hadde gjort det som ingen studentar burde gjere: Eg hadde kjøpt meg motorsykkel og komme meg gjennom vårknipa på brødskive med leverpostei. No hadde eg sagt opp hybelen for å spare eit par månaders husleige. Men korleis skulle eg få med meg tinga mine? Eg fekk ikkje med meg bøker og ringpermar på ein motorsykkel.

Debatt