Tid for EU-debatt?

Ja, ifølge Heidi Nordby Lunde (H). I politisk kvarter på NRK 5. august sa ho at problemet var at Norge ikkje er medlem av EU. Saka som blei debattert var Nav-skandalen. Ut frå ein demokratisk synsstad har Nordby Lunde eit viktig poeng. EØS-avtalen frå 1994 har gjort oss til eit lydrike. Vi kan vedta kva lovar vi vil, men kjem desse i strid med EU-lovverket, får vi ikkje brukt dei. EU-regelverket trumfar Stortinget sine lovar. At trygderetten, påtalemyndigheitene og domstolane ikkje har visst dette, er ikkje til å tru! At desse rettsinstansane har klart å døma folk til fengsel utan at dei har gjort noko gale, er skremmande. Kor er rettssikkerheita?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent