Det var ein dåm av heilagdom over måten dei åtte sine eigne kroppar på.
Solveig Aareskjold, forfattar
MYSTERIUM: Mange måtar å førestille seg livets byrjing på. MYSTERIUM: Mange måtar å førestille seg livets byrjing på.
Den første kulturopplevinga eg kan minnast, var åtteårsdagen til søster mi i september 1954. Eg var fem, og respektfull tilskodar til ein flokk med store jenter som myldra frå rom til rom i det låglofta og langstrekte huset vårt, kledde seg ut med alt dei kunne finna i skåp og kott og framførte improviserte skodespel for einannan.