Nyare forsking viser at fram til slutten av istida var alle europearar brune i huda. Kvite blei dei først ved innføringa av jordbruket, som ein biologisk reaksjon på for lite D-vitamin i den nye maten. For med mjølk, graut og brødmat til basisnæring blei folk meir avhengige av sollyset dess mindre der var av det, og hadde ikkje lenger råd til å stengja det ute med mørkt pigment. I den same perioden skjedde det ei genetisk endring som gjorde dei i stand til å drikka fersk mjølk i vaksen alder, ei evne som dei fleste folkeslag på jorda greier seg like godt utan.