Solveig Aareskjold karakteriserer (1. november) med rette den faglege refleksjonen i Harald Eia & co. sin Hjernevask som miserabelt, og har rett i hovudpoenget, at det ikkje eksisterer noka prinsipiell motsetning mellom «fødd sånn» (arv) eller «blitt sånn» (miljø). Men Eias mistak består primært i den naturalistiske fiksjonen at mennesket berre er eit produkt, eit naturleg eller sosialt objekt. Dermed er det spesifikt menneskelege, subjektet, borte vekk. Det er det også hos Aareskjold.