Vikingsex
Den mannen er barnefar som trælkvinna seier at er det.
I høve flyttinga av Osebergskipet sender NRK mykje stoff om vikingtida, såleis òg i Ekko no på onsdag. Men då det blei sagt at kvinnelege trælar var utan rettar, og at det var fritt fram for kven som ville å utnytta dei seksuelt, forvandla sendinga seg til eit jomfrunalsk ekkokammer for populære vrangforestillingar. For historiene om vikingvaldtekter er dikta i nyare tid, akkurat som skrønene om kyskheitsbeltet. Den norrøne overleveringa er meir interessert i jenter som veit å bita frå seg, som Melkorka i Laksdølasoga, som var så stolt at ho avanserte frå slave til frue på eigen gard.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn