Krigsteater
Ingen kjenner vegen til rettferdig fred i Ukraina.
Oppstyret omkring det politiske partiet Fred og rettferd framstår som ein reprise av eit drama som var betre første gong eg såg det. Det var i 1965, den sommaren eg fylte seksten, og mor mi og eg var i Bergen under festspela og såg «Ai ai ai for en artig krig!», ein musikal satire om den absurde destruktiviteten under Første verdskrig. Ikkje sånn å forstå at eg har gått omkring og hugsa det i all ettertid, men etter at Marielle Leraand og Ine Marie Eriksen støytte saman i Debatten på NRK, har eg ofte kome i hug ei scene der ein Rosa Luxenbourg-aktig radikalar held appell for nedrusting og forsoning, og blir jaga vekk av ein rasande mobb under leiing av ei kvinne som skrik: «Mannen min er ved fronten!»
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn