Homeriske mødrer
Hodyr ute i naturen er verken magrare eller meir sjuklege enn hanndyr.
I fjor haust gjekk ei kvinne på tur over ei utmark der det var kyr på beite. Brått kom ei av dei farande som ein tyr på ein arena, tok henne på horna og slengde henne høgt i vêret. Årsaka til denne uventa villskapen var at kua var ei ammeku med alle naturlege instinkt intakte. Ho hadde aldri gått gjennom det traumet det er å mista ungen sin straks han er fødd, aldri stått deprimert og handlingslamma kopla til ein maskin som tappa henne for den mjølka som kalven skulle hatt. Hadde ikkje bonden på garden sett det ovanfrå traktoren på den andre sida av gjerdet, hadde den arme turgåaren blitt stanga i hel som det rovdyret ho blei forveksla med.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent