Rev og Hare redder skogen
(Belgia/ Luxembourg/ Nederland, 2024) Regi: Mascha Halberstad Manus: Fabie Hulsebos, etter Sylvia Vanden Heedes bøker Animasjon/ Norsk tale/ For alle/ 1t. 11min./ Kino
Rev og Hare lever eit Hakkebakke-harmonisk liv med venene sine i skogen. Ikkje berre deler eit rovdyr og eit byttedyr hi, den fargerike fellesskapen i nabolaget femnar dyr frå dei fleste habitat (blant anna pingvin, villsvin, vaskebjørn og havfrue!). Her er det dei høgst menneskelege personlegdomane som fører til spaning og konflikt mellom dyra. Og dyrehamane er ofte, men slett ikkje alltid, valde for å vri på våre førestillingar om kva for eigenskapar dei ulike dyra har. Hare er svært husleg og ansvarsmedviten på vakse vis, medan Rev er notorisk glad i å leika, og rotekoppen går fort lei av rydding. Naboen Ugle held gjerne vakt i nattemørkeret, men er også veldig engsteleg – ikkje minst for vatn – og avhengig av kosadokka si Hoohoo.