Heidi Furre
Technotika
Roman
Flamme Forlag 2024, 120 sider
Det er forbausande kor lite som skal til for å rykke i vanen: Ein roman kjem i eit uvanleg format, med breie sider, mest som i ei diktbok, og legg seg litt annleis i hendene: sidene brettar seg ut på ein ny måte når du les, leseflyten fell inn i eit nytt spor.