Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvar gong dei opna munnen, forsvann dei nye framtidsutsiktene mine i tåka.

Glasskåra frå spegelen

Der den runde spegelen hang før, var det kome eit skåp, og eg hadde enno ikkje greidd å finna ein annan vegg å hengja han på. Det løyste seg ved at han glapp ut or hendene på meg ein vakker solskinsmorgon og råka golvet og gjekk i tusen knas. Splintane spratt opp med blanke lynglimt ut i rommet, som ein fontene av glas, så strålande at det var meir med ærefrykt enn med forferding at eg såg det skje.