Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Blant bedehus og boreriggar

Cavanger

Det er ikkje til å kome unna at Rogaland er eit litt merkverdig fylke busett av merkverdige folk. Då er det ikkje løye at dåverande Høgre-ordførar Sissel Knutsen Hegdal, no uavhengig ordførar, «på vei til eit møte med lidelse i», som Vestlandsfanden syng det, fekk ein god plan: Ein må ikkje ta avgjerder når det stormar som verst, fritt sitert etter Erna Solberg. Eg må berre seie at det sitatet er verd å lese i sin heilskap: «Jeg har nylig hørt et råd Erna Solberg ga under en debatt under ONS, som jeg dessverre ikke fikk med meg da, og det var at man ikke bør ta avgjørende beslutninger når det stormer som verst.»