Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Raudt vil ha torsken på land i Nord-Noreg for å skape arbeidsplassar. Det er for dyrt i Noreg, svarar fiskarane.

Vil dra inn kvotar

Torsken kjem: Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen meiner trålarane ikkje leverer nok fisk til foredling i Nord-Noreg og vil ta radikale grep. Her er ho i innspurten av sin første valkamp som partileiar i haust. Foto: Christopher Olssøn

– Det er eit gapande hòl i skroget på kvotemeldinga, og det er korleis fisken vert rana frå kysten av milliardærar og reiarar gjennom pliktkvotane, seier Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.