Trass i den djupe gleda ved å halda seg sjølv ved like med eige arbeid er det ganske vanleg å leva av stolne ressursar, på lånt tid, jamvel om ein veit at det er det ein gjer, fordi det kostar for mykje å endra åtferd, mens det går av seg sjølv å suga kraft frå andre. Naturen har late seg pressa så lenge at han greier seg nok ei stund til, og slaveeigaren tenkjer sjeldan over at audmjuke smil kan dekkja over eit glødande hat. Men det ligg alltid under ein skrekk for at styrkeforholdet skal bli snudd opp ned. Derfor må slaven haldast i konstant avmakt.
Dei mektige har lov til å gråta når dei ikkje får det som dei vil.
Å bli slave
Solveigs salt