Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Koie

Ifølgje den amerikanske anarkisten Emma Goldman, er anarkisme ein idé som søkjer fridom frå lover laga av menneske, og som vil kvitte seg med hierarki som ikkje er frivillige. Goldman meinte at menneske måtte vere nyfikne og kreative for å klare å forestille seg korleis eit samfunn etter desse ideala kunne sjå ut. Den notidige anarkisten Noam Chomsky meiner at fridomstrangen er ein ibuande del av menneska, og at tankar om anarkisme difor vil oppstå i alle samfunn og til alle tider, heilt uavhengig av kva andre strøymingar og idear som pregar desse samfunna.