Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein Napoleon-film blotta for politiske idear.

Keisarens nye klede

Kostymedrama: Joaquin Phoenix’ Napoleon kanaliserer Commodus når han kronar seg sjølv og keisarinne Josephine (Vanessa Kirby). Foto: SF Norge

Napoleon

(USA, 2023) Regi: Ridley Scott Manus: David Scarpa Drama/ 2 t. 38 min./ Kino

Når Ridley Scott tar fatt i Napoleon, er det grunn til å venta seg noko meir enn det spektakulære krigsdramaet, som vi veit «Gladiatoren»-regissøren er kapabel til å laga. Nær alle Scotts filmar har vore drivne fram av idear – politiske og filosofiske så vel som estetiske, og dei historiske filmane hans har vore fylde av samtidsaktualitet.