Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Block to Block

Eigar mot leigar, kommune mot borgar. Norsk bustadpolitikk møter seg sjølv i døra på Sagene.

Samhald: Bebuarane i Maridalsveien 128 har kjempa for heimane sine sidan 2016. Filmen om dei er ein sørgesong for norsk bustadpolitikk. Foto: Fenris Film

Blokka

(Noreg, 2023) Regi og manus: Aslaug Holm Dokumentar / 1 t. 33 min.

Kva er ein heim om ikkje ein stad der du kan kjenna deg trygg. Og kva er eit samfunn om ikkje ein felles heim, folkhemmet , som svenske sosialdemokratar sa før. Heim og folkeheim er dei to omgrepa som er sett på spel i Aslaug Holms Oslo-dokumentar «Blokka», ein film som gjennom fleire år følgjer leigebuarane i Maridalsveien 128 og deira kamp for å få kjøpt leilegheitene sine ved lovfesta forkjøpsrett. Den retten vart forpurra i Oslo Rådhus, ifølgje leigebuarane, då kommunen i 2016 selde garden til eigedomsinvestor Ivar Tollefsen, som straks varsla bebuarane om utkasting, totaloppussing og eventuell framtidig leige til marknadspris.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?