Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein film som forsvann frå kino under pandemien, har dukka opp på Netflix som ei tvilsam overrasking i haustferien.

Dyreplage

Bankebrett: I byen møter Petter Kanin gatesvindlaren Barnabas, som lærer Petter å gøyma seg i søppelkassen. Den burleske bankebrettscenen er ikkje i Beatrix Potters ånd. Foto: SF Norge

Petter Kanin hopper hjemmefra

(Peter Rabbit 2: The Runaway, USA/Storbritannia, 2021)

Regi: Will Gluck

Manus: Will Gluck og Patrick Burleigh basert på Beatrix Potters figurar

Eventyr/Familiefilm, for alle, 1t.33min., Netflix, SFAnytime m.fl.

Den kommersielle etterbruken av gamle barnebokklassikarar, omdefinerte som merkevarer, er ein skiten affære der få rettigheitsforvaltarar har reine hender. Det er gode pengar å tena på eit namn eller ein boktittel alle kjenner, og mest lukrativt er det om bøkene har figurar som er levedyktige utanfor den kunstnariske ramma dei vart skapte i, slik som Petter Kanin av Beatrix Potter.