Den mannlege identiteten er vinglete og flyktig, og å stiva han av med storverka til forfedrane er ei universell boteråd. Såleis var det mange som følte at sjølvtilliten auka monaleg då ein genetisk studie påviste at minst seksten millionar menn har arva y-kromosomet sitt frå ein mann som levde langt aust i Asia kring 1200. For sidan den einaste allment kjende personen frå dette området i denne tida er Djengis Khan, kan det jo ikkje ha vore andre enn han.
Kven som helst kan få mange millionar etterkomarar.
Djengis og Tobias
Solveigs salt