Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gamle hus

Det finst ingen stygge hus som er eldre enn 150 år. Når ein først tenkjer over det, er det vanskeleg å sjå det på nokon annan måte. Gamle hus kan vere slitne og forfalne, men dei er aldri stygge. Nokre trur at det er fordi vi berre har teke vare på dei fine husa, men det er feil. I byar som Praha og Roma er alle bygningane gamle, og det finst ikkje stygge bygningar der. Mange arkitektar likar ikkje omgrep som stygg og fin, men det er slik folk flest tek inn verda rundt seg, så det er nok ikkje lurt å ignorere det.