Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kyrkja

Arkitekturopprøret har nominert dei ni styggaste kyrkjebygga frå dei siste ti åra. Blant dei er Knarvik kyrkje frå mine heimtrakter og Spikkestad kirke frå Asker, begge nydelege bygg i mine auge. Arkitekturopprøret meiner heller at kyrkjene er så «groteskt stygge og fremmedgjørende for folk flest at det synes som kirken ønsker å ta håpet og troen fra folk». Tvert om meiner eg at nettopp rommet for trua kjem godt fram i dei modernistiske kyrkjene, som Lillestrøm kirke og Slettebakken kirke.