Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Pride

Varslar mykje politi under Pride i Oslo

Politiet er klare for Pride eitt år etter terroren, og dagar etter eit planlagd terrorangrep mot Pride i Wien.

MYKJE FOLK: Politiet i Oslo ventar mykje folk i Pride-paraden i år. Her er frå regnbogetog og solidaritetsmarkering i Oslo i fjor. I midten kan ein sjå statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

1. juli vert det arrangert-Pride i Oslo for første gong sidan terrorangrepet 25. juni i fjor.

Det skjer berre dagar etter at tre menn i Wien skal ha planlagd eit terrorangrep mot Pride-paraden der. Politiet i Austerrike skal ha stoppa aksjonen.

Stabssjef i Oslo politidistrikt Harald Nilssen seier at politiet er førebudde på markeringa som skal finne stad i Oslo 1. juli.

– Oslo politidistrikt har lang erfaring med å førebu og gjennomføre ulike arrangement. Det meste av arbeidet vert gjort på førehand med dialog og førebyggjande arbeid. Vi vil vere til stades for å trygge deltakarar og befolkninga elles, slik at dei som ønskjer å feire Pride skal få ein trygg og god oppleving, seier han.

To drepte og 21 skadde

Det var i nærleiken av utestaden London Pub i Oslo sentrum at 2 menneske vart drepne og 21 skadde i opptakten til Pride-feiringa i fjor.

Masseskytinga i Oslo i fjor vert framleis etterforska som terror. PST gjekk raskt ut os sa at dei vurderte hendinga som ein ekstrem islamistisk terrorhending, og Zaniar Matapour vart sikta for drap på to menneske. Arfhan Bhatti vart sikta for medverknad til drap.

For to veker sidan kom 25 juni-utvalet med ein rapport som slo fast at det kan hende at terrorangrepet i fjor kunne ha vore avverga.

Det er politiets sikkerhetstjeneste (PST) som gjer konkrete tryggingsvurderingar opp mot arrangementet, og gjev råd til oslopolitiet basert på det. Likevel kan stabssjefen fortelje at det blir mykje politi på Pride i år.

– Under Pride-paraden 1. juli vil politiet ha stor tilstadevering med uniformert og sivilt personell. Vi forventar at mange menneske ønskjer å delta på dei ulike arrangementa. Det har politiet tatt med i sine planar for gjennomføringa. I tillegg har vi beredskap for eventuelle hendingar. Vi baserer våre vurderingar og tiltak på trusselvurdering fra Politiets sikkerhetstjeneste og eigne lokale vurderingar, seier Nilssen.

Politiet håpar at dei som arrangerer ulike arrangement i smband med Pride i Oslo tek kontakt med dei i forkant av sjølve paraden 1. juli.

– Vi har god dialog med fleire arrangørar av Pride-markeringar, men ønskjer at fleire som planlegg markeringar eller arrangement tek kontakt med oss i politiet, slik at vi kan planlegge for eit så sikkert og trygt arrangement som mogleg, seier han.

Var i Wien

John Trygve Tollefsen var i Oslo under terrorangrepet i fjor, men ikkje i området då det skjedde. I år var han også i Wien under Pride-paraden som var eit mål for terror.

Han seier at han diverre ikkje vart sjokkert over at det var planlagt eit nytt terrorangrep mot ei Pride-markering, men at han er veldig glad for at politiet klarte å avverge hendinga.

– Det dette viser, er at Pride framleis er eit mål for terroristar. Det er berre noko vi er nøydde til å erkjenne. Pride har altid vore ei politisk markering, og vi må ha med oss det bakteppet.

– Kjem du til å tenkje på det som skjedde under markeringa i år?

«I år skal vi lage motsvaret til fjoråret.»

Dan Bjørke, leiar i Oslo Pride.

Eg skal gjere det eg kan for å ikkje tenkje på det, men trur ikkje nokon kan vere upåverka av det som har skjedd, og det debattklimaet som har vore i ettertid. Eg trur mange av oss hadde venta at det skulle bli teke eit større oppgjer med hat, men i staden har vi fått meir hat og meir grums, seier Tollefsen.

– Kjem du til å kjenne deg trygg på feiringa i år?

– Vi må kunne vente at vi er trygge. Når politiet i Oslo seier at dei skal gjere alt, så må vi stole på det. Eg skulle ønske det ikkje var naudsynt i 2023 med eit stort sikkerheitsoppbod på Pride, men det er heilt naudsynt, seier Tollefsen.

– Då eg deltok i Wien hadde eg ein tanke om at det kunne skje noko slikt, og det er jævla synd. For nokre av oss som har vore opne skeive lenge, vert det ei stadfesting av det vi har frykta, nemleg at nokre ønskjer oss vondt, legg han til.

Skal gje motsvar i år

Leiar i Oslo Pride Dan Bjørke seier at årets Pride-markering vert eit svar på det som skjedde i fjor.

Bjørke har vore uttalt kritisk til PST si handtering i forkanten av terrorangrepet i fjor, og sagt at konklusjonane i 25 juni.-utvalet sin rapport er sjokkerande.

– I år skal vi lage motsvaret til fjoråret. Vi skal sende eit sterkt og tydeleg signal om at samfunnet skal ha plass til alle, uavhengig av identitet og kven ein elskar, seier Bjørke.

– Kjenner de dykk trygge på at politiet vil gjere ein god nok jobb med å sikre at Pride i år blir trygt?

– Tryggleik har alltid topp prioritet hos oss. Vi har eit tett og nært samarbeid med Oslo politidistrikt, med kontinuerleg dialog om tryggingsopplegget gjennom heile året. Vi er sikre på at Oslo politidistrikt gjer sitt aller ytterste for å sikre at dette vert eit trygt og flott arrangement for publikum, våre frivillige og befolkningen for øvrig, seier Bjørke.