Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Civita

Civita-leiar Kristin Clemet er veldig irritert på den venstrevridde podkasten Mimir & Marsdal. Ho tykkjer at dei gir seg ut for vere spørjande og opne, men i realiteten berre er ein propagandakanal for den radikale venstresida. Nokre vil kanskje hevde at den skildringa også hadde passa ganske bra på viss tenketank på borgarleg side. Uansett tenkjer eg at det å vere drøftande og open ikkje er motstridande med det å ha eit godt fundert politisk utgangspunkt (det trur eg ikkje Clemet meiner at det er heller).