Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Verket er det same sjølv om det er produsert av ein maskin.

Kunstig kunst

Den lysblonde skipsføraren sett sjøbein med ei nokså slapp venstrehand på rorkulten og høgrearmen strekt teatralsk ut mot eit kulisseaktig hav: «Leiv Eiriksson oppdagar Amerika» er så ikonisk at det gjer lite frå eller til om er det stor kunst, eller om det finst historisk grunnlag for det ukledelege hovudplagget han har på seg, eller om gamlingen som kjem ravande opp på dekk, i røynda er ein av svirebrørne til Christian Krohg.