Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det fanst meir rom for viltre jenter på 1800-talet enn i dag.

Pandemonium

Den skulekritiske romanen «Gift» av Alexander Kielland opnar med korleis ein keisam geografitime går over i eit laussloppe friminutt der kulturelitistiske latinskulegutar slæst mot barbarane frå dei lågare klassane. Latinarane blir drivne på retrett inn i klasseromet sitt, men samlar styrkane igjen på grunnlag av pensumlitteraturen og grip modig til våpen: «Hyllene ble plyndret for linjaler; slyngekasterne og bueskytterne forsynte seg med krittstykker av tavlekassen», og vesle Marius er «den vrede Achilles» oppå akslene til bestevenen Abraham. Men når dei riv opp døra, er fienden forsvunnen. Der står berre ein einsleg liten mann, rektor på skulen, med ein stor krittflekk på magen.