Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det slapp ut ein villkatt som hadde vore innstengd i kvinnerolla.

Inger Johanne

Bøkene var i «jeg»-form og gav seg ut for å vera skrivne av ei jente som heitte Inger Johanne, tretten år gamal. På ryggane stod det framandvorne og uforståelege namnet Dikken Zwilgmeyer, men eg unngjekk i det lengste å vita at det hadde nokon samanheng med den stemma som snakka så muntert og inkluderande til meg frå boksidene. Då farmor spurde om eg trudde at det verkeleg var ein trettenåring som hadde skrive desse forteljingane, svarte eg ja. I det same såg eg på smilet hennar at eg hadde avslørt kor barnsleg eg var.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.