UTRYKKING: Brannvesenet og politiet advarer om at nye parkeringsregler kan gjøre det vanskelig for utrykningskjøretøy å komme fram.
Byrådet foreslår at de som bygger nye boliger, ikke lenger trenger å sørge for parkeringsplasser.
SAMFERDSEL: Fleire ferjer blir omfatta av ordninga med gratis ferjer, ifølgje regjeringa. Dei vil også gi meir pengar til drift av riksvegferjer som blir ramma av prisauke. – På grunn av prisaukane den siste tida blir også drifta av ferjer ramma. Vi vil derfor foreslå 285 millionar kroner meir til riksvegferjene, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap). I tillegg blir det foreslått at fleire ferjer blir omfatta av ordninga med gratis ferje, skriv regjeringa i ei pressemelding. Der heiter det at det i budsjettforslaget for 2023 blir foreslått å utvide ordninga frå 16. august til også å gjelde ikkje trafikksvake ferjesamband til øyar og andre samfunn utan veg til fastlandet. ©NPK