Under pandemien byrja 136.000 nye husstandar å fyra med ved, ifølgje bransjeorganisasjonen Norsk Ved. Auken var merkbar i Oslo då reiser og hytteopphald vart forbodne, skolane vart stengde, og alle som kunne, måtte arbeida heime. Etter å ha hatt heimekontor i to år har eg kunne følgja utviklinga av fyringsvanane. Det ryk frå tallause skorsteinar. Frå nokre stig blank røyk rett opp, men frå andre sig skyer av sur, kvit røyk rett ned.
Vedsalet tyder på at vi alle skal bli passive røykarar i vinter.